Detaljar om  Uthuset

Uthuset er ei koseleg, lita, nyrestaurert hytte midt i fyr-tunet. Stilen er enkel og nær det opprinnelege. Frå kjøkenglaset i Uthuset er den vakraste utsikta i heile tunet - herifrå ser du både gamle og nye lykta, Sildagapet i dagslys og med ubeskriveleg fargespel under og etter solnedgang, og oversikt over all båttrafikken rundt Stadt.


På Uthusetloftet er det eit ope soverom med 3-4 sengar. I hovudetasjen er det eit soverom med dobbelseng, samt mulighet for ekstrasenger i den vesle stova. Kjøkkenet er utstyrt med alt ein treng. Her kan ein ordne seg med all mat sjølv om ein ønsker det, eller komme over til fyrkafeen. Under loftstrappa er eit lite toalett. Dusjen er i Maskinhuset, som ligg vegg i vegg med Uthuset.


Uthuset er perfekt for familier, grupper og også for par eller single. Vi leiger ut Uthuset som ei enhet, både på døgnbasis og vekebasis - men også soveromma separat om det er ledig.


Prisar

Heile Uthuset:

01.05. - 31.09.: 4500.- / veke (inkl. tillegg for sengetøy)

01.10. - 30.04.: 3500.- / veke (inkl. tillegg for sengetøy)

Sluttvask: 500.- (dersom de ikkje vil gjere de sjølve)

Fyrfrukost: 90,-


Pr. natt:

- Enkeltrom: 650,- inkl. fyrfrukost

- Rom for 2-5 pers.: 450,- pr vaksen (frå 15 år)

  350 pr. barn inkl. fyrfrukost

- Tillegg for sengetøy: 150,- pr. seng

  1. -Spesialpris for grupper

Ulvesundet er „motorvegen“ for båtar langs norskekysten, og så og seie all båttrafikk mellom Bergen og Ålesund passerer her. Dagleg passerer ei mengde skip og båtar i alle fasongar og størrelsar. I fem-tida om morgonen passerer både sydgåande og nordgåande Hurtigrute, noko mange av våre gjester verdset så høgt at dei står opp for å sjå og ta bilder.

Uthuset

FORESPØRSEL                                                               BILDER

Uthusetloftet