Kontakt: info@ulvesundfyr.no

Fyret (+47)57851777 - Mobil (+47)95240487

Besøksadresse: Ulvesund Fyr, Hjertenes, 6718 Deknepollen, Norge

Fyrkafé Vi serverer heimelaga mat basert på frukt og bær frå hagen og fisk frå havet.

Overnatting  Sovne til lyden av bølge- skvulp, og vakne til lyden av fuglesang.

Velkommen til fyret som vil bringe lys!


RING FOR BOOKING! 57851777 / 95240487


Ulvesund Fyr blir drive som eit hjerteprosjekt. Fyrets si atmosfære er fargerik og varm, og det legg vekt på enkelhet, hjertevarme, ekthet og kreativitet. Fyret ligg på Hjertenes nær Måløy, i ytre Nordfjord. Som eitt av fire fyr som loser båtane rundt Stadt, har Ulvesund Fyr vore eit lyspunkt for dei sjøfarande sidan 1870. Vi ønsker at det skal vere eit lyspunkt i kvardagen for våre gjester, og at dei som besøker oss, skal synast at fyret er ein god plass å vere.


Fyrferie for heile familien

Ulvesund Fyr er ekstra glad i barn. Det er herlig med barnelatter. Fyret ligg idyllisk til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bugnar av blomar og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar. I den sjarmerande vesle fyrbutikken kan våre gjester kjøpe heimelaga saft, gelé, handarbeid og musikk, og bøker, glaskunst, kaffe, te, sjokolade og gammaldagse drops i lausvekt. Her kan det også bestillast heimelaga mat og nykverna kaffe som blir servert i vår fyrkafé, eller ute i fyrhagen.

Når er kaféen open?

Sommarsesong 2022: 

25. juni -11. august

Alle dagar kl. 13-18.

Torsdagar: Naustjam 19.30-21.


Elles i året: Servering/overnatting etter avtale.



Ulvesund Fyr

LIGHTHOUSE