Informasjon

Download:  Bilder

Ulvesund fyrstasjon

Ulvesund Fyr er bygd i 1870, og vart automatisert i 1985. Det ligg på Hjertenes ved Osmundsvåg, ytterst i Ulvesundet, i Vågsøy kommune i Nordfjord. Næraste by er Måløy. Dette led- og innseglingsfyret vart tent i september 1870, og avbemanna og automatisert i 1985.

Fyret er eitt av fire fyr som viser båtane trygt rundt Stadt, som er det verste havstykket i Norge. Ulvesund Fyr er eigd av Kystverket Vest, og drive av Sølvi Helen Hopland Aemmer.

Fyret vart restaurert sommaren 2003, og opninga for offentleg drift fann stad 8.-10. aug. 2003. Drifta består av utleige, overnatting, servering, kulturellt program og fyrkafé med utstilling og kreative aktivitets-tilbod. Våre mest fotograferte er dei to folkekjære geitene vi har i fyrhagen om sommaren.

Ulvesund Fyr ligg lunt og stille til inne i Ulvesundet, omgitt av ein solrik hage som bugnar av blomar og bær. Her har ein full oversikt over båttrafikken og det skiftande lyset i Sildagapet, og kan nyte fargerike og fredfulle solnedgangar.