Nytt liv for gammalt fyr

Nytt liv for gammalt fyr

Ulvesund Fyr er bygd i 1870. Til 1985 var det fyrvaktarane med familier som budde og levde sine liv her, som tok vare på fyrlyset, bygningane, hagen, dyra og kvarandre. Etter at fyret vart avbemanna og automatisert i 1985, vart fyret ståande tomt i mange år, utan vedlikehald og utan liv.


I 2003 starta ein ny epoke for det gamle fyret. Sølvi Helen Hopland, som vaks opp i Osmundsvåg like ved fyret, og som leika med fyrbarna i barndommen, fekk kontrakt med Kystverket og byrja å setje fyret istand til kafe og overnattingsstad. vener og familie hjelpte henne med å oppfylle draumen om liv på fyret igjen, om sko i gangen, latter mellom veggane, musikk, bær, duft av kaffe og sveler, trivsel.


Saman med mange andre norske fyr, har Ulvesund Fyr vorte ein del av denne spesielle norske fyrhistoria, del 2. Mange norske fyr har etter avbemanning blitt restaurerte og fått nytt liv som kafe, overnattingsstad og/eller galleri. Meir om dette på www.fyr.no.


Fyr-atmosfæren ber preg av historie, og fyrvoktarar til ulike tider sin innsats på fyret. Soveromma på fyrloftet er soveromma til dei tidlegare fyrvoktar-familiene. Fyrbutikken er i det tidlegare vakt-rommet. Kafeen er i stuene, der fyrvoktarane spelte orgel, hadde barneselskaper, lagde makramé og pusla med andre hobbyar. Ein solid vedovn er i bruk i dag som den gong, og gir ekstra god stemning og duft i huset.  Også den gamle fyrlykta er ein del av kafeen. Her tende fyrvaktaren tidlegare lampane til oppsette tider, og pussa sot frå vinduene slik at dei båt-farande skulle bevege seg trygt på sjøen. No kan våre gjester nyte sin kaffe latte eller si fiskesuppe der. Å sitte i gamlelykta og ta inn fargane frå kveldssola som dannar eit fredfullt og varmt bakteppe for det blinkande fyrlyset, er noko våre gjester set stor pris på. Dette er også ein ynda stad å sitje for dei som likar å teikne og male – og for barn som synest det er spennande å telje passerande båtar.


På Ulvesund Fyr finn du gamle panelveggar, fyllingsdører, møblar og golvbelegg frå ulike epoker. Møblane er donerte av lokale innbyggjarar som ville bidra til å gje fyrkafeen ei heimekoseleg og uformell atmosfære. (gemütlich wie zuhause)


På fyrloftet ligg du i gode rammemadrasser og mjuke dyner. Lyden frå bølgene og passerande småbåtar er søvndyssande, og ingen trafikkstøy bryt stillheta.


Fyr-lokala er små og personlege, og ein god stad for å bli kjend med nye menneske.