Detaljar om  Fyrkjeller

Fyrkjellaren er eit sjarmerande og svalt rom som ligg for seg sjølv i underetasjen på fyret. Frå sjølve rommet er det utsikt til rips-hagen, og frå kjellarstova utanfor rommet er det utsikt rett ned på fyrlykta, sjøen og solnedgangen. Dei tjukke gråsteinsveggane skin gjennom kvitmalinga enkelte stader, og vitnar om historie. Toalett og dusj er opp trappa. Det same er fyrstuene og gamle-lykta, som er fellesareale for overnattingsgjestene.

I den gamle hylla er det gamle bøker å lese i, og det gamle bordet er ein fin stad å sitje når du vil skrive postkort.

Litt historie om fyrkjellaren

Her var det ein gong vaskekjellar. På den gamle vedovnen du ser på bildet vart det vaska klede, og også baka lefser og flatbrød.

Då vi fekk leigekontrakt i 2003 hang det ein grøn-eira, gammal dusj og dryppa her, og det var sluk i golvet. Golvet var ubehandla sement.


Elevar frå Høgtun Folkehøgskule var med og skrubba og pussa dei tjukke murveggane, og fann fram parti med gråstein og teglstein. Deretter vart golv og veggar malte.


I det dobbeltrommet vi kallar „Fyrkjeller“-stod vannpumpe og varmtvannsbeholdar då vi overtok. Frå opninga i 2003 vart rommet fyrst brukt som ein del av kafeen, og til malekurs og gruppemøter. Sommaren 2009 starta vi med å leige det ut som dobbeltrom.

Fyrkjeller

FORESPØRSEL - BOOKING                                         BILDER

Prisar inkludert frukostbuffet i fyrkafeen:

- Dobbeltrom 450.- pr. person frå 15 år, inkl. fyrfrukost

  1. -Enkelrom: 650,- inkl. fyrfrukost

  2. -Barn 5-14 år 350,-

- Tillegg for sengetøy: 150,- pr. seng

- Spesialpris for grupper