Fyrkafé

Fyrkafé

Kafeen er open nokre dagar i påska, og deretter i sommarsesongen. Frå midten av juni til midten av august er det ope kvar einaste dag. Opningstida er 13-18. Middag kan bestillast på førehand.

Utanom påskekafe og sommarkafe tek vi imot små eller større grupper for servering, (gjerne med overnatting), forteljarstund, minikonsert og/eller kreative aktivitetar, alle dagar etter avtale.


Kafeen finn du i dei tre stuene og gamlelykta, med tilsaman rundt 35 sitteplassar. Gamlelykta er ein ynda plass å innta fiskesuppe eller kaffe. Der er det plass til 5-6 personar. Utsikta ned mot den nye, automatiserte lykta, og ut mot Sildagapet, Stadt, Silda og båttrafikken er unik. Også for dei som likar å utfalde s eg kreativt, er gamlelykta spesiell.


For ein liten slant kan ein låne teikne- og maleutstyr. Her kan det malast, teiknast og diktast. Mange barn synest det er spennande å sitte her og telje passerande båtar.


I tillegg til malesaker, låner vi også ut musikkinstrument og spel. Fyrets lappeteppe kan gjestene våre meir enn gjerne strikke på. Ute har vi disse, hengekøye m.m. Om nokon skulle kjede seg, har vi aktivitets-forslag.


Menyen vår inneheld vanlegvis:

Svele med fyrets rips-gele, natronkake, kanelbollar, kaker av frukt/bær med is attåt, dagens middag (grupper må bestille på forhånd), is med lun bær-saus m.m.


Vi kosar oss med å servere sunn, heimelaga og fargerik tradisjonsmat, i hovudsak tilberedt av frukt, bær og urter frå fyrhagen og fisk frå havet utanfor fyret.


Vi sel også fyrsaft i flasker og fyrgele og syltetøy på glas. Kaffe- og te-menyen vår er variert. Vi sel 4 sortar kaffe og rundt 20 sortar te i lausvekt, og serverer også desse i kafeen. I tillegg sel vi gammaldagse drops og eksklusive små-sjokoladar i lausvekt.

Fyr-butikk

I vår lille, sjarmerande fyrbutikk selger vi vår fyrsaft, rips-gele, godteri i lausvekt, te, kaffe, handarbeid, glas og keramikk, fyr-T-skjorter, fyrvertinne Sølvi`s CDar med sjølvskrivne songar, og andre „souvenirar“ frå Ulvesund Fyr.

Rabarbra-
kake

Kanelbolle

Is med bær-saus